Kort fortalt

Utbreitt fiske i verna havområde i Noreg

Rapport frå Havforskingsinstituttet.

Marius Rosbach
13.04.2021

(NPK-NTB): I fleire av havområda som Noreg har verna, går det føre seg til dels utbreitt fiske. Dette meiner Havforskingsinstituttet strir mot internasjonale reglar.

Blant fiskeaktiviteten som går føre seg i verna norske farvatn, er botntråling, noko som kan øydeleggje havbotnen i mange år og fører til enorme klimagassutslepp, melder NRK.

Ifølgje internasjonal standard kan ikkje område som det vert botntråla i kallast verna i det heile, ifølgje ein rapport frå Havforskingsinstituttet.

– Vi sender eit feil signal om kor godt Noreg vernar hava og kystområda sine. Vi må vere meir ærlege. Noreg har på langt nær så strengt vern som vi kommuniserer internasjonalt, seier forskar Alf Ring Kleiven ved Havforskingsinstituttet.

Ein gjennomgang NRK har gjort viser at det er lov å fiske i alle Noregs verna havområde.

Miljødirektoratet meiner likevel dei har rapport verneområda i den kategorien som beskriv vernet best, og at inngrepsvernet er ganske strengt.

Klima- og miljødepartementet opplyser at dei ikkje har rokke å studere rapporten frå Havforskingsinstituttet, men ser ikkje bort frå at dei må vurdere om ting kan gjerast annleis.

(©NPK)

Publisert: 13.04.2021 11:09

Sist oppdatert: 13.04.2021 11:10

Mer om