C79abc871f9d aaram
FERJE: Åram ferjekai i Vanylven. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Kort fortalt

Utset Åram ferjekai-avgjersle

Etter store protestar utset fylkeskommunedirektøren avgjersla om nedlegging av Åram ferjekai i Vanylven.

22.02.2023

Saka om ei eventuell nedlegging av Åram ferjekai skulle opphaveleg behandlast i samferdselsutvalet onsdag 1. mars, men blir no utsett. Fylkeskommunedirektøren vil vente med tilrådinga i saka for å få betre oversikt over totaløkonomien. Ei slik oversikt inneber meir kunnskap om prosess for og politisk avgjerd i sak om sparetiltak i ferjedrifta, pris på oppgradering av ferjekai og eventuelle endringar i inntektssystemet.

Det opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Ferjesambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya er ein del av rutepakke «Ytre Sunnmøre 2021-2031». Frå 1. januar 2025 kjem det ei ny og større ferje i sambandet.

Kostnaden med nødvendig vedlikehald og opprusting av Åram ferjekai er berekna å koste 50 millionar kroner.

Av notatet frå fylkeskommunedirektøren til samferdselsutvalet går det fram at det er lave trafikktal til og frå Åram. I november 2022 var det gjennomsnittleg 45 bilar per dag, av desse 45 var det 22 bilar mellom Larsnes og Åram.

Fylkeskommunen har sett på korleis éi ferje kan levere fleire avgangar kvar dag mellom Larsnes og øyane ved å ta ut Åram som anløpsstad.

Løysinga har vore på høyring i Sande kommune og Vanylven kommune. Tilbakemeldingane frå kommunane er at dei ser det som viktigare at ferja går via Åram.

Arbeidet med anbodsutlysing av tiltaka på dei fire ferjekaiene i sambandet, inkludert opsjon på utbetring av Åram ferjekai er også i gang, og vil bli lyst ut så snart som mogleg. For å kunne ta i mot den nye ferja frå januar 2025 er det naudsynt å komme i gang med oppgraderinga av ferjekaiene.

No ønsker altså fylkeskommunedirektøren å vente med ei endeleg tilråding.

Publisert: 22.02.2023 10:21

Sist oppdatert: 22.02.2023 10:30

Mer om