Kort fortalt

Utsett for røyk i brann på skip

Har evakuert kaiområde grunna eksplosjonsfare.

Marius Rosbach
01.02.2024

Politiet evakuerte torsdag eit kaiområde etter brann om bord i eit skip ved industriområdet Bingsa i Ålesund.

Ein person blei utsett for røyk, etter at det skal ha starta å brenne i samband med ein gasstank. Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar.

Grunna eksplosjonsfaren vart området evakuert.

110-sentralen for Møre og Romsdal melde på X etter kort tid at brannen var sløkt. I etterkant blei det jobba med å kjøle ned gasstanken, opplyser politiet i Møre og Romsdal på X.

Publisert: 01.02.2024 15:23

Sist oppdatert: 01.02.2024 15:23

Mer om