Kort fortalt
Utsett tilsyn av lasteskip
Sjøfartsdirektoratet må vente til over helga.
Marius Rosbach
15.04.2021
Fordi det tek lengre tid å losse det havarerte lasteskipet Eemslift Hendrika, har Sjøfartsdirektoratet utsett sitt tilsyn om bord.
Det opplyser kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i direktoratet til NETT NO.
Etter planen skulle inspektørar om bord i skipet torsdag eller fredag, for å gjer ein hamnestadskontroll. Då vil dei mellom anna stille spørsmål om moglege årsaker, skadeomfang og risikovurderingar som er gjort i samband med seglas og last.
Publisert: 15.04.2021 10:40
Sist oppdatert: 15.04.2021 10:40