Fem vidaregåande skular i Møre og Romsdal får tildelt vel fem millionar kroner til å kjøpe inn utstyr til yrkesfaglege utdanningsprogram.
Dei fem skulane er Borgund, Gjermundnes, Sunndal, Ørsta og Fagerlia.
Det er Utdanningsdirektoratet som tildeler til saman 77 millionar kroner på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Fylka, som har ansvaret for den vidaregåande opplæringa, må bidra med ein eigenandel.
– Oppdatert utstyr på yrkesfag er like viktig som oppdaterte lærebøker, sier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i ei pressemelding.
Kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune er glad for ekstra midlar for å oppgradere utstyr til bruk i yrkesfagopplæring.
- Fagfornyinga har medført eit stort behov for nytt utstyr, og det trengst eit løft på fleire skolar. Det er derfor veldig positivt at skulane får midlar ut over det fylkeskommunen løyver ordinært, seier Flovikholm.
Leiaren av utdannings- og kompetanseutvalet i Møre og Romsdal, Per Ivar Lied (Sp), legg vekt på at løyvinga har ein stor samfunnsmessig verdi:
- Det er viktig at utstyr som blir brukt i yrkesfagleg opplæring er likt det som elevane møter i yrkeslivet, men det er krevjande å ha utstyret oppdatert til ein kvar tid. Derfor er det bra med ein statleg tilleggsfinansiering, seier Lied.
Han gjer merksam på at 60 prosent av elevane i vidaregåande søker yrkesfag. Derfor er det viktig å satse på yrkesfag, meiner han.
- Møre og Romsdal er eit verdiskapingsfylke med eit oppdatert og framsynt næringsliv, og då treng vi òg oppdatert og moderne utstyr. Det er eit felles ansvar å sørge for at vi heile tida kan levere det beste utdanningstilbodet, slik at vi har arbeidskraft med god kompetanse. Det bidrar til at bedriftene er konkurransedyktige nasjonalt og internasjonalt, seier han.
Slik er tildelinga til dei fem skulane i Møre og Romsdal:
Skule | Beløp |
Borgund vidaregåande skule | 1 500 000 |
Gjermundnes vidaregåande skule | 980 000 |
Sunndal vidaregåande skule | 880 000 |
Ørsta vidaregåande skule | 743 750 |
Fagerlia - Ålesund vidaregåande skule Avd Ålesund | 1 267 000 |
Publisert: 06.01.2022 14:34
Sist oppdatert: 06.01.2022 14:36