Kort fortalt

Utvidar retten til vidaregåande skule

Vedtok ny opplæringslov.

NPK
10.07.2023

(NPK): Ei ny opplæringslov er vedteken i Stortinget. Retten til vidaregåande opplæring og opplæring til vaksne har mellom anna blitt utvida.

Den nye opplæringslova vidarefører fleire av reglane frå dagens opplæringslov og skal etter planen gjelde frå august neste år.

– Den nye opplæringslova inneber historiske utvidingar av rettane til elevane. Dei får rett til vidaregåande opplæring til dei faktisk har fullført skulen, rett til å bytte utdanningsprogram viss dei ombestemmer seg og moglegheit til å ta fleire fagbrev, seier kunnskapsminister Tonje Brenna i ei pressemelding frå regjeringa.

I tillegg vil oppfølgingstenesta bli utvida frå å gjelde fram til ein er 24 år, ikkje berre opp til 21 år. Det betyr at fleire unge som har falle ifrå skulen får hjelp til å kvalifisere seg til arbeidslivet.

Opplæringslova regulerer skulekvardagen til 820.000 barn og unge i Noreg. Dagens opplæringslov er 25 år gammal og har blitt endra nesten kvart år sidan ho vart vedteken.

(©NPK)

Publisert: 10.07.2023 12:04

Sist oppdatert: 10.07.2023 12:12

Mer om