Kort fortalt

Inseanergy utvidar testsamarbeid

Hofseth-anlegg skal bruke oppgradert pilotanlegg frå Inseanergy.

07.09.2022

Hofseth Aqua og Inseanergy vidarefører samarbeidet om å utvikle solcelleanlegg som energikjelde til oppdrettsanlegg.

Ideen til Ålesund-selskapet Inseanergy er å bruke utrangerte oppdrettsmerdar til å flytande solcelleanlegg som kan forsyne oppdrettsanlegg med straum.

Oppdrettselskapet Hofseth Aqua har samarbeidd med Inseanergy om utprøving av teknologien og dei to selskapa vidarefører samarbeidet. Hofseth Aqua skal ha liggande eit oppgradert pilotanlegg ved Hofseth Aqua sitt oppdrettsanlegg ved Overåneset i Storfjorden, i følgje ei pressemelding. Der skal anlegget supplere dieselgenerator som kraftkjelde når kapasiteten frå landstraum ikkje er nok. Det oppgraderte pilotanlegget skal sertifiserast av DNV.

Publisert: 07.09.2022 10:05

Sist oppdatert: 08.09.2022 01:23

Mer om