Kort fortalt

Utviklar felles covid/influensa-vaksine

Men vi må ha to stikk inntil vidare.

NPK
17.09.2021

(NPK-NTB-Mette Estep): Minst to vaksineprodusentar utviklar ein kombinasjonsvaksine som både gir årleg påfyll av vern mot covid-19 og influensaen i sesongen. FHI følgjer med.

Det er vaksineprodusentane Moderna og Novavax som begge nyleg gjorde det kjent at dei er i gang med å utvikle ein kombinasjonsvaksine. Dei ser for seg at det truleg blir årleg behov for påfyll både av koronavaksine og den tradisjonelle, sesongtilpassae influensavaksinen. Ideen er at folk skal sleppe fleire injeksjonar og i staden klare seg med eitt legebesøk og éin injeksjon.

Overlege Sara Viksmoen Watle ved Avdeling for smittevern og vaksine ved Folkehelseinstituttet (FHI) stadfestar i ein e-post til NTB at FHI er kjent med utviklinga av ein kombinasjonsvaksine.

– For risikogrupper som blir tilrådde både koronavaksine og influensavaksine, vil det kunne vere fordelaktig dersom dei kan få godt vern mot begge sjukdommane med eitt stikk. Viss denne vaksinen blir godkjend, vil FHI ta stilling til kunnskapsgrunnlaget i vurderingar rundt ei eventuell tilråding, seier ho.

Doktor Amesh Adalja ved Johns Hopkins-universitetet i Baltimore seier ifølgje Medical Express likevel at folk ikkje kan vente seg ei slik kombinasjonssprøyte denne influensasesongen. Årets influensavaksine er allereie utvikla og i gang med å bli distribuert. Han får støtte frå professor i smittevern William Schaffner ved National Foundation for Infectious Diseases.

Schaffner påpeikar at Moderna og Novavax jobbar langsiktig.

– Dei trur at påfyllingsvaksinar mot covid vil bli nødvendig, og dei er til og med villige til å leggje opp til at dette vil vere ein god idé kvart år, fordi det er tidsplanen for influensavaksinar, seier Schaffner.

Ifølgje han har produsentane investert mykje i utviklinga av ein slik kombinasjonsvaksine.

Inntil vidare må dei som treng begge vaksinane, belage seg på to stikk.

Det amerikanske smittevernbyrået Centre for Disease Control and Prevention (CDC) har gjort det klart at amerikanarane kan setje første, andre eller påfyllvaksine mot covid samtidig som dei får influensavaksine.

Men medan legane i USA seier det går greitt å få dei to ved same besøk til legen, seier FHI inntil vidare nei.

– Det er lite kunnskap om samtidig bruk av koronavaksine og andre vaksinar som influensavaksine. Samtidig bruk av vaksinar kan bidra til forsterking av dei kjende biverknadene, og det kan i tillegg vere vanskelegare å vurdere kva vaksine som bidreg til symptoma, seier Watle.

FHI tilrår derfor at koronavaksinar fortrinnsvis ikkje blir gitt samtidig med andre vaksinar.

Publisert: 17.09.2021 08:33

Sist oppdatert: 17.09.2021 08:35