Kort fortalt

Uvanleg arkeologisk funn i Volda

Funn frå yngre steinalder.

NPK
12.04.2021

Eit funn av eit depot frå yngre bronsealder i Volda vekkjer arkeologisk interesse.

I samband med reguleringsarbeidet for eit område som skal brukast til leilegheiter/bustadblokker er det funne til saman elleve kulturminne som er automatisk freda, fortel lokalavisa Møre.

I ein arkeologisk rapport om funna går det ifylgje avisa fram at to av strukturane er datert til yngre bronsealder (1.100-500 f. Kr), to til romartid (0-400 e. Kr) og eit til overgangen merovingartid/vikingtid (rundt 780 e. Kr).

Det som særleg har vekt oppsikt, er funnet av eit depot frå yngre bronsealder i ein av strukturane.

– Sjølv om det er stor avstand i tid mellom dette depotfunnet frå denne undersøkinga og i kristendommen, kan området ha vore rituelt viktig i mellomtida utan at vi kjenner til det, heiter det ifylgje avisa i rapporten.

Publisert: 12.04.2021 16:52

Sist oppdatert: 12.04.2021 16:54