Kort fortalt

Uvanleg fleirtal for rassikring

SV, Høgre og Frp går saman.

NPK
30.03.2022

(NPK): Betre sikkerheit på rasfarlege vegar er målet med fire forslag som SV, Høgre og Frp har vorte samde om i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Det litt uvanlege fleirtalet kjem av at regjeringspartia har gått mot fleire av forslaga, skriv Nationen.

– Det viktigaste for oss er trygge vegar over heile landet. Denne gongen var det vanskeleg å få med regjeringspartia på alt som skal til for å få til det, då snur vi oss dit vi må, skriv Mona Fagerås, transportpolitisk talsperson i SV, i ein e-post til avisa.

I forslaga ber partia mellom anna regjeringa følgje opp Statens vegvesen slik at alle relevante prosjekt blir vurderte ut frå to sikringsnivå, og at det skal utarbeidast eit innovasjonsprogram for skredsikring.

(©NPK)

Publisert: 30.03.2022 10:53

Sist oppdatert: 30.03.2022 10:55