Kort fortalt

Uvanleg svak prisutvikling på mat

0,4 prosent auke på 12 månader.

10.07.2018
NPK: Matprisane stig mindre enn prisane generelt, ifølgje tal frå SSB. Dei siste 12 månadane har konsumprisindeksen auka med 2,6 prosent, medan matprisane berre har auka med 0,4 prosent.
– Matprisane følgjer faste svingingar gjennom året, der jul, påske og skulestart er typiske tilbodsperiodar, mens prisane vanlegvis justerer seg etter jul og påske og om sommaren. Prisutviklinga på mat har derimot vore uvanleg svak over lang tid, og det hadde vore grunn til å forvente høgare prisvekst no, seier direktør Ingvill Størksen i Virke daglegvare i ei pressemelding.
Frå mai til juni 2018, steig matprisane med 0,5 prosent, mot ein auke på 0,4 prosent i konsumprisindeksen i same periode.
– Prisauken denne månaden var mindre enn venta, sidan prisutviklinga på mat har vore uvanleg svak over lang tid. Prisen på handlekorga er nesten den same som den var for 2 år sidan. Prisveksten på mat og drikke dei to siste åra sett under eitt er på svake 1,2 prosent, seier Størksen.

Publisert: 10.07.2018 12:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38