NPK-NTB: Etter rekordåret for tobis i fjor, har toktet i år avdekt at fisken har fått altfor lite å ete og er tynn og tilveksten svært dårleg.
meiner sein vår og algeoppblomstring og kaldt vatn kan vere årsaka til at dei to år gamle fiskane er mykje mindre enn venta.
er eit samleomgrep for fleire artar innan silfamilien. Havsil er den viktigaste i fiskeriet i Nordsjøen.
På førehand hadde forskarane rekna med at tobisen ville ha vakse seg 50 prosent større enn i fjor, mens resultatet var ein vekst på under 10 prosent. I tillegg til at tobisen er tynnare, er det også dårleg tilvekst av nye eittåringar.
Tilstanden for dei yngste fiskane dannar grunnlaget for rådet frå Havforskingsinstituttet til Nærings- og fiskeridepartementet for kor stor neste års kvote bør vere. Rådet no er eintydig: Kvoten på 70.000 tonn bør ikkje aukast.

Publisert: 16.05.2018 14:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39