
Vard får pengar til forsking
Pengedryss til næringslivet.
(NPK-NTB): Norsk næringsliv får 102 millionar kroner frå Forskingsrådet til 49 doktorgrader. Svært mange prosjekt dreier seg om utvikling av kunstig intelligens.
– Noreg treng eit næringsliv som forskar meir. Derfor bruker vi pengar på at fleire kan ta doktorgrad i bedrifta dei er tilsette i. Det gir bedriftene eit konkurransefortrinn og bidreg til nye løysingar og nye arbeidsplassar. No set vi KI-milliarden ut i livet, og finansierer ei rekke doktorgradsløp som skal utvikle konkrete løysingar for bruk av kunstig intelligens i næringslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ei pressemelding frå regjeringa.
I tillegg til utvikling av kunstig intelligens blir prosjekt som kartlegg sårbar natur i arktiske område eller som ser på rehabiliteringstiltak i spesialisthelsetenesta støtta.
14 prosjekt i Oslo får støtte og åtte i Akershus. Trøndelag, Troms og Vestland får støtter til fire prosjekt kvar. Agder, Buskerud, Rogaland og Innlandet får midlar til tre prosjekt kvar. Møre og Romsdal har to prosjekt på lista, Nordland har eitt, medan ingen av prosjektmidlane fell til Finnmark, Telemark, Østfold eller Vestfold.
Sjå lista her (ekstern lenke)
(©NTB)
Publisert: 29.08.2024 09:54
Sist oppdatert: 29.08.2024 09:55