– Hytteeigarane er desperate. Mange spør om vi kan vinterstengje hyttene, det tilrår vi ikkje, seier Geir Uppstad i Uppstad VVS til NRK.
I staden tilrår dei å installere varmepumper. Det har ført til at dei har nærare 80 hytteeigarar som står på venteliste.
– Folk er heilt galne etter å halde hytta frostfri gjennom vinteren. Før fekk vi to bestillingar i veka, no kan det vere fire om dagen, seier Amundsen.
Det er ein klar samanheng mellom auke i straumprisar og sal av varmepumper. Også i fjor nådde salet av varmepumper nye høgder.
– I år set vi truleg nye rekordar. Første halvår av 2022 er det beste nokosinne, seier dagleg leiar, Rolf Iver Mytting Hagemoen, i Norsk Varmepumpeforening til NRK.
Publisert: 12.10.2022 01:11
Sist oppdatert: 12.10.2022 01:12