Kort fortalt

Varslar fleire leppefiskkontrollar

Fiske i sør startar tysdag.

NPK
11.07.2022
(NPK): Fiskeridirektoratet startar no ein offensiv for kontroll av fisket etter leppefisk.

Sør for 62-graden startar fisket etter leppefisk 12. juli. Nord for 62-graden startar fisket to veker seinare, den 26. juli, skriv Fiskeribladet.

– Dette er eit fiske med mange aktørar og ein god del utfordringar, seier Roger Aasarmoen i Fiskeridirektoratet region Vest til Fiskeribladet.

Dei forventar høg aktivitet i år og skal drive offensiv kontroll på leppefisket.

– Vi skal følgje med og sjå at levering blir gjort ordentleg og etter regelverket. Vi skal kontrollere heile fiskeriet frå a til å. Det er eit omfattande regelverk, seier Aasarmoen til Fiskeribladet.

Kontrollaktiviteten blir intensivert i veke 28, 29 og 30.

Fiskeridirektoratet minner om at minstemålet for berggylte for kommande sesong er endra frå 14 centimeter til 22 centimeter.

(©NPK)

Publisert: 11.07.2022 13:05

Sist oppdatert: 11.07.2022 13:06

Mer om