Varslar fleire nye kontraktar
Optimistisk direktør i Stadt-gruppa.
Som eit ledd i den nye satsinga i Stadt-gruppa i Gjerdsvika, har selskapet tilsett Torbjørn Skar i ei sentral rolle som salgssjef for si globale satsing inn mot den militære marknaden.
Skar kjem til Stadt Naval etter ti år i Kongsberg Maritime AS, der han også hadde eit salsansvar for den militære marknaden. Før det har Skar også hatt stillingar i Rolls Royce og Ulstein.
Direktør Hallvard Slettevoll i Stadt Naval seier i ei pressemelding at selskapet reknar med å kunne auke staben fortløpande framover, og har stort tur på at det vil verte skrive fleire store og viktige kontrakter innan få månadar.
Slettevoll opplyser at Stadt Stealth–teknologien vert møtt med stor interresse verda rundt, og eksisterande kundar er svært nøgde med driftserfaringane på dette patenterte støyfrie heil-elektrisk framdriftssystemet, som no også er tilgjengeleg i ein null-utsleppsversjon.
Publisert: 05.10.2021 15:14
Sist oppdatert: 05.10.2021 15:17