Kort fortalt
Vartdal fekk miljøprisen
Gir motivasjon, seier sjefen for Ørsta-bedrifta.
Marius Rosbach
30.08.2021
Vartdal Plast blei nyleg tildelt miljøprisen 2020 frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Nestleiar Joakim, Skaar Kultur-, næring-, og folkehelseutvalet, som gjorde vedtaket tidlegare i august, meiner bedrifta viser at dei tek produsentansvar og finn løysingar som er sirkulære, ifølgje ei pressemelding.
- Vi set stor pris på at arbeidet vårt blir lagt merke til. Miljøprisen motiverer oss til å fortsette jobben med å levere ikkje-fossile og resirkulerte produkt. Plast som ikkje blir sirkulert er bortkasta ressursar, og vi skal bidra til å få det tilbake i «loopen», uttalar Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal i meldinga.
Publisert: 30.08.2021 10:06
Sist oppdatert: 30.08.2021 10:12