Vedum vil ha meir olje og gass
Vedum ønskjer framleis høgt tempo på norsk olje- og gassutvinning.
Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner den nye situasjonen i Europa gjer Noregs rolle som energinasjon endå viktigare.
– I dag ser vi kor viktig det er at Noreg er ein stabil leverandør av olje og gass. Dette er det desidert viktigaste bidraget vårt til stabilitet i Europa, seier han til Klassekampen.
Han er ikkje bekymra for klimarisikoen ved å opne nye felt.
– Vi er i ein heilt unik posisjon. Det finst knapt andre demokrati som produserer olje og gass for eksport. Berre tenk korleis situasjonen hadde vore i Europa i dag om dei ikkje hadde hatt gassen frå Noreg. Det hadde vore fullstendig krise på energileveransar, seier han.
Vedum understrekar at nye felt må vurderast opp mot lønnsemda og klimarisikoen, men er langt frå bekymra for at det er for høgt tempo på sokkelen.
Han understrekar òg at ein må jobbe for å finne nye løysingar for å produsere energi med låge utslepp.
Publisert: 27.04.2022 08:08
Sist oppdatert: 27.04.2022 08:09