NPK: Klimagassutsleppa frå vegtrafikken gjekk ned frå 9,7 millionar tonn i 2016 til 8,8 millionar tonn i 2017, viser ferske tal. Det svarar til rundt 9,6 prosent.
– Dette er gledelege nyheiter, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Han meiner det viser at det nyttar med eit langsiktig og målretta arbeid for å avgrensa utsleppa av klimagassar frå vegtrafikken.
Til saman blei utsleppa av klimagassar i Noreg i fjor redusert med rundt 1,7 prosent. Mindre bruk av fossile brensel i vegtrafikken er ifylgje Statens vegvesen den viktigaste årsaka til dette.
– Utslepp frå vegtrafikken går ned fordi fleire vel å kjøpa el- og hybridbilar og på grunn av ein auke i innblanding av biodrivstoff, heiter det i ei pressemelding frå Vegvesenet.
I dag er det ifylgje etaten 171.000 elbilar på norske vegar, og elbilsalet utgjorde i år rundt 26 prosent av nybilsalet i Noreg.
– Det viser at vi er på rett veg mot målet om at alle nye personbilar skal vera nullutsleppskøyretøy i 2025, seier Terje Moe Gustavsen.

Publisert: 17.08.2018 11:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37