Kort fortalt
Veks på fundamentering
Solide Fundamenter passerte fem millionar i fjor.
27.04.2023
Robert Flem starta Ålesund-selskapet Solide Fundamenter i 2017. Etter ein laber start, har omsetninga skote fart siste tre åra. I fjor omsette selskapet for 5,1 millionar kroner, ein auke på 1,8 millionar frå året før. Resultatet før skatt enda på 124.000 kroner, mot 8.000 kroner i 2021.
Selskapet sysselsette i fjor to årsverk, og driv med fundamentering, boring og jordskruar. Selskapet leverer også eigenutvikla solcellestativ.
Samla eigenkapital er på 0,7 millionar kroner, og langsiktig gjeld null.
Solide Fundamenter | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 5,1 | 3,3 | |
Driftsresultat | 0,1 | 0,03 | |
Resultat før skatt | 0,1 | 0,02 |
Publisert: 27.04.2023 08:00
Sist oppdatert: 27.04.2023 04:51