Kort fortalt
Vekst for Fora Form
Inntektene nesten attende til 2019-nivået.
13.06.2024
Fora Form i Ørsta er ein del av forretningsområdet Office Interiors hos eigaren, det svenske møbelkonsernet Lammults Design Group.
Selskapet lagar møblar til offentlege miljø, og kontor, frå kinolokale til flyplassar.
Inntektene fall frå 182 millionar kroner i 2019 til 145 millionar kroner i koronaåret 2020, før dei gradvis har stige etterpå (sjå tabell).
Lamhults-konsernet melde om ein tung start på 2024 for det forretningsområdet i konsernet Fora Form er ein del av. Fora Form sjølv melder om ein "tilfredsstillande" ordrereserver ved starten av 2024, sjølv om den var mindre enn ved inngangen til 2023.
Fora Form as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 176,9 | 169,1 |
Driftsresultat | 4,8 | 3,3 |
Resultat før skatt | 3,4 | 1,2 |
Publisert: 13.06.2024 12:39
Sist oppdatert: 30.10.2024 08:07