Bengt Dahlberg Geiranger Sjokolade foto Ogne
GJER DET GODT: Sjokoladen til Beng Gøsta Dahlberg i Geiranger Sjokolade er god butikk. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Vekst for Geiranger Sjokolade

Med unntak av koronaåra 2020-2021 har Bengt Gøsta Dahlberg hatt ein nesten samanhengande vekst sidan sjokoladebedrifta hans vart etablert i 2010.

31.07.2025

Allereie i 2022 passerte inntektene til Geiranger Sjokolade inntektene selskapet hadde i 2019, det siste året før pandemien.

Det er turistane i Geiranger som er dei viktigaste kundane for selskapet og straks samfunnet opna opp att etter pandemien kom kundane attende.

Allereie i 2012 gjekk Geiranger Sjokloade med overskot og har gjort det kvart år sidan, med unntak av 2019 og 2021. 

Etter at pandemien var over skaut også lønsenda i veret, og dei tre siste åra har selskapet hatt ein resultatmargin på over 20 prosent. (Resultatmargin er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene. 

Geiranger Sjokolade as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt7,36,2
Driftsresultat1,51,5
Resultat før skatt1,51,5

Publisert: 31.07.2025 15:42

Sist oppdatert: 31.07.2025 15:42