Kort fortalt

Vekst for Moonlight Mountain Gear

Åndalsnes-bedrifta halverte underskotet.

28.04.2025

Hovudlykt- og toppturski-butikken Moonlight Mountain Gear registrerte flytting frå Kvænangen til Åndalsnes i 2023, etter at grunnleggar Bjarte Hollevik selde aksjane sine til det nederlandske investeringsselskapet Gaea Outdoor Holdings i 2022.

Det nederlandske selskapet eig 88 prosent av aksjane. 

Blant toppturentusiastar blei Moonlight Mountain Gear først kjent for sine kraftig hovudlykter, som gir nok lys til å suse nedover fjellsidene i vintermørket, etter ordinær arbeidstid. 

Sin førebelse inntektsrekord fekk selskapet i 2021, med 17,5 millionar kroner. Då fekk selskapet også eit lite overskot, på 65.000 kroner.

2021 er også det einaste året med overskot sidan selskapet vart etablert i 2014.

Både i 2022 og 2023 fall inntektene  og underskota auka. Dei to åra gjekk selskapet med tilsaman 15,3 millionar kroner i minus.

I fjor blei inntektene dobla, og underskotet meir enn halvert. 

Moonlight Mountain Gear as  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt10,65,3
Driftsresultat-3,6-9,3
Resultat før skatt-4,3-9,6

Publisert: 28.04.2025 08:44

Sist oppdatert: 28.04.2025 08:44