Kort fortalt

Vekst i Hareid er sikra vidare

Får meir pengar frå fylkeskommunen.

Marius Rosbach
09.06.2023

Omstillingsprosjektet Vekst i Hareid får tilført meir midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Omstillingsprosjektet er eit samarbeid mellom kommune og næringsforum og næringslivet i Hareid, og har som mål å skape 100 nye arbeidsplassar i prosjektperioden.

Basert på dei prosjekta som no står på trappene er løyvinga igjen auka, denne gongen til tre millionar kroner for det komande året, heiter det i ei melding frå Vekst i Hareid.

I tillegg bidreg Hareid kommune og 10 lokale bedrifter slik at arbeidet er sikra i minst eitt år framover.

Publisert: 09.06.2023 12:53

Sist oppdatert: 09.06.2023 12:53

Mer om