NPK: Reiarlaget NTS Shipping AS har dokumentert at det er god kvalitet på avkjølt, fersk laks som er sendt med sjøtransport frå Midt-Noreg til Europa, skriv Adresseavisen.
– Trass i at testturen var meir enn 40 timar lenger enn det me planlegg med ei direkterute, var kunden strålande nøgd med tilstanden til lasta då dei opna konteinaren, seier prosjektleiar Kim Rune Bøe i NTS-gruppa.
Laksen blei sendt frå Vikna i Trøndelag til ein fiskekjøpar i Nederland i slutten av august. Pilotsendinga tok i overkant av 100 timar fordi båten under testturen følgde ei rute som inkluderte fleire stopp på veg sørover. Ei planlagt direkterute vil bruke om lag to og eit halv døgn på ruta, skriv avisa.
Miljøstiftinga Bellona er nøgd med testturen. Dei meiner ein større del av fiskeeksporten må reise sjøvegen til Europa for at målet om vekst i sjømatindustrien skal vere berekraftig.

Publisert: 07.09.2018 10:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37