NPK: Det er venta stor utvikling innan landbasert lakseoppdrett dei neste ti åra. Analytikarar trur dette kan føre til konflikt mellom lakseoppdrett til havs og på land.
Analytikarar i nederlandske Rabobank hevdar i ein ny rapport at teknologien i resirkuleringsanlegg (RAS), altså oppdrettsanlegg på land, kjem til å skyte fart dei neste ti åra. Det trur dei kan vere grunnlag for konflikt.
– Marknadsføringskrigar kan oppstå mellom selskap som spør kva du føretrekker – laks som er oppdretta i det urørte havet i Noreg og langt unna heimen din, eller laks som er oppdretta på land lokalt nær deg som du kan kjøpe ferskare, seier Beyhan da Jong i Rabobank til .
Analytikarane trur landbasert lakseoppdrett kan utgjere ein firedel av den globale lakseproduksjonen innan 2030. Jong anslår at talet på fisk produsert i landbaserte anlegg i dag er under 3000 tonn globalt. Når dei 50 prosjekta som fram til no har byrja å bygge landbaserte matprosjekt er ferdige, vil dei ha ein kapasitet på 250.000 tonn laks årleg, skriv Intrafish.

Publisert: 25.10.2019 10:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32