Kort fortalt

Ventar store mengder nedbør

Nytt gult farevarsel om mykje nedbør på Nordvestlandet.

NPK
16.09.2022

Vêrvarslingstenesta Yr.no har akkurat no 18 aktive farevarsel på gult nivå i Noreg. Fleire av dei gjeld store mengder nedbør på Nordvestlandet.

Det har fredag kommen oppdateringar av farevarsla om flaum, skred og nedbør i delar av Trøndelag og Møre og Romsdal.

– Frå tidleg fredag ettermiddag til tidleg laurdag ettermiddag er det venta 40–60 millimeter på 24 timar i sørlege delar av Trøndelag og opp mot 80 millimeter på 24 timar nær fylkesgrensa til Møre og Romsdal, melder Meteorologene på Twitter fredag ettermiddag.

Det blir også opplyst at farevarselet om snø for dei nordvestlege fjelltraktene i Sør-Noreg har fått snøgrensa heva til 1000–1200 meter, men ho vil variere gjennom døgnet.

Dei aktive farevarsla på Yr omfattar også store delar av Vestlandet, det er venta kraftig nordavind i periodar på utsette stader dei neste dagane. Båtfolket må vere førebudd på opp mot 4 til 5 meter høge bølgjer.

Publisert: 16.09.2022 19:29

Sist oppdatert: 16.09.2022 19:30