Kort fortalt

Vestland gjekk i pluss

Høge inntekter og korona gav pengar til overs.

NPK
22.02.2022

Betra skatteinngang, høge kraftinntekter, statsstøtte til kollektivtransport og sparte kostnader på grunn av korona førte til eit mindreforbruk på 350 millionar kroner i Vestland fylkeskommune i fjor.

Pengane som vart til overs, kan Vestland no setje av på disposisjonsfond til vidare utvikling av fylket dei kommande åra. Også i fjor hadde fylkeskommunen eit monaleg mindreforbruk, då på 216 millionar kroner.

– Større økonomisk handlefridom styrkjer rolla vår som regional samfunnsutviklar. Dette skal komme innbyggjarane til gode i form av investering i viktig infrastruktur og gode tenester frå fylkeskommunen, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal i ei pressemelding.

Fylkeskommunen hadde elles eit svært godt netto driftsresultat målt i forhold til driftsinntektene i 2021. Det var på 9,1 prosent, mot 7,4 prosent i 2020. Det tilrådde nivået for fylkeskommunane er på 4 prosent.

Vestland har likevel 14,4 milliardar kroner i gjeld og ei netto gjeldsgrad på 90,3 prosent. Dermed ligg fylkeskommunen godt over det tilrådde nivået for kommunesektoren, som er på 75 prosent.

– Med tanke på dei store investeringane Vestland fylkeskommune står framfor, vil veksten i lånegjelda vere ei hovudutfordring i tida framover. Det blir derfor avgjerande for den økonomiske handlefridomen vår å balansere denne veksten, seier fylkesdirektøren.

Dei samla driftsutgiftene i Vestland fylkeskommune var i 2021 på 13.246 millionar kroner, mot 12.650 millionar året før.

Publisert: 22.02.2022 16:17

Sist oppdatert: 22.02.2022 16:18

Mer om