Kort fortalt

Vestlandskommunar skeptiske til cruiseavgift

NPK
07.07.2025

(NPK): Stortinget har opna for moglegheita til å ta cruiseavgift, men fleire ordførarar på Vestlandet vurderer å takke nei til denne forma for turistskatt, ifølgje NRK.

Tidlegare i år presenterte næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) eit «hypotetisk døme» på 150 kroner i avgift for å gå i land.

Trass i moglegheita for titals millionar i kommunekassene, er cruisekommunane på Vestlandet skeptiske til ei slik avgift.

– Vi hadde tenkt oss mellom to og fem kroner per person, seier Per Kjøllesdal (Sp), ordførar i Stryn kommune, ein kommune med 300.000 cruiseturistar i 2024.

Kjøllesdal er redd for at ei høg avgift vil gjere at cruiseskipa droppar å kome.

Sjølv problematiserte statsråden sitt eige døme med at det kunne bli konkurranse mellom hamnene.

Ifølgje NRK er det fleire ordførarar som ikkje ønskjer at avgifta skal avgrense trafikken, og at dei i det minste vil kunne bestemme over dette sjølve.

Dei innsamla pengane må gå til reiselivsrelaterte føremål. Avgifta er ein del av forslaget om turistskatt som Regjeringa fekk fleirtal for tidlegare i år. Dei kallar det for besøksbidrag.

(©NPK)

Publisert: 07.07.2025 17:19

Sist oppdatert: 07.07.2025 17:19

Mer om