Kort fortalt

Vestlandsrådet krev meir vegpengar

Ber staten bidra med meir.

Marius Rosbach
08.02.2023

Klimaendringar med enda meir nedbør med både flaum og skred som resultat, krev fylkesordførarane i Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal at ein intensiverer arbeidet med vegvedlikehald.

Vedlikehaldsetterslepet langs fylkesvegane på Vestlandet er stort, og auka særleg etter 2010, då fylkeskommunane fekk overført ansvaret for ei rekke tidlegare riksvegstrekningar utan tilstrekkeleg økonomisk kompensasjon for dette.

Det er bakgrunnen for at fylkesordførarane i dei tre fylka krev kraftig opptrapping av den statlege medfinansieringa for vedlikehald av fylkesvegnettet, ifølgje ei pressemelding.

- Fylkeskommunane vil prioritere dette så høgt som mogeleg innanfor eigne budsjett, men treng statleg medfinansiering for å kunne ta att etterslepet, uttaler Jon Askeland, leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Vestland, i meldinga.

Publisert: 08.02.2023 16:04

Sist oppdatert: 08.02.2023 16:06

Mer om