Kort fortalt

Vi er dei mest kontantlause

I snitt meir enn ein gong dagleg.

17.09.2019
NPK-NTB: Noreg overtar førsteplassen på verdsbasis i oversikta over flest kontantlause betalingar per innbyggjar, men bruker kontaktlaus betaling mindre.
Det viser rapporten , som blir publisert av konsulent- og teknologiselskapet Capgemini tysdag.
– Nordmenn betaler kontantlaust i snitt meir enn éin gong kvar dag. I Tyskland, til samanlikning, betaler innbyggjarane kontantlaust i snitt éin gong i veka, seier Thierry Morin, spesialist på betaling og e-handel i Capgemini Invent.
Det er første gong Noreg er med i undersøkinga.
Rapporten fastslår at det er auke i kontantlause betalingar fleire stader i verda, mellom anna i framveksande marknader i Asia, Sentral-Europa, Midtausten og Afrika.
Noreg er likevel lenger bak når det gjeld kontaktlaus betaling og bruk av mobiltelefon til transaksjonar.
– Årsaka til at ein i Noreg ikkje har større omfang av kontaktlaus betaling er ganske enkelt at dei store daglegvarekjedene ikkje har innført dette. Det endrar seg frå 1.1.2020, når Visa og MasterCard gjer det obligatorisk å tilby denne moglegheita, seier Morin.

Publisert: 17.09.2019 08:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32