Kort fortalt

Vi et mindre sjømat trass kampanjar

No legg Sjømatrådet om strategien.

NPK
04.05.2021

Nordmenn et mindre sjømat i dag enn i 2013, trass i ulike kampanjar. Noregs sjømatråd vil prøve å snu utviklinga og rettar merksemda mot barnefamiliar.

– Sjølv om Noreg eksporterer 95 prosent av all sjømaten vi produserer, er heimemarknaden svært viktig. Sjømatrådets mål i Noreg er å auke sjømatkonsumet, men utviklinga er urovekkjande. Medan kvar nordmann i 2013 åt litt over 22 kilo sjømat i året, er dette talet redusert til rundt 19,5 kilo i dag. Då må vi erkjenne at marknadsstrategien ikkje har fungert godt nok, seier marknadsdirektør i Noregs sjømatråd, Camilla Beck, på Sjømatrådet sine nettsider.

No i mai månad gjer Sjømatrådet dei første av fleire strategiske endringar i marknadsarbeidet her i landet: «Godfisk» gjenoppstår som merkevare og avsendar i forbrukarkampanjar. Primærmålgruppa blir familiar med heimebuande barn.

– Det nye «Godfisk»-konseptet skal gi auka synlegheit og merksemd til sjømat i Noreg for å endre haldningar og få familiar flest til å auke talet på sjømatmiddagar frå eitt til minst to måltid i veka. Det skal vi klare ved å ta i bruk verkemiddel som inspirerer til auka sjømatkonsum, både i kvardag og helg. Vi startar med å revitalisere «Godfisk» og vil utvide konseptet ytterlegare utover året, seier Beck.

– At vi har landa på familiar med heimebuande barn som målgruppe, kjem av at det er her vi ser at potensialet er størst og at vi på denne måten vil nå barn og unge, som er ei svært viktig målgruppe. Det betyr likevel ikkje at vi har gløymt dei unge vaksne, som enno ikkje har etablert seg. Dei vil få fokus med relevant bodskap i eigna og målretta kanalar, understrekar Camilla Beck.

Det er utvikla ein ny «Godfisk»-logo, og den nye nettsida kjem etter kvart i heilt ny design og med eit meir moderne grafisk uttrykk og forbetra søkjefunksjonalitet.

Publisert: 04.05.2021 16:36

Sist oppdatert: 04.05.2021 16:37