Kort fortalt

Vi har passert 400.000 elbilar

Det skjedde tysdag klokka 10.

NPK
07.07.2021

Tysdag klokka 10 passerte Noreg for første gong 400.000 registrerte elbilar

– Dette er kjempekjekt. Vi har nådd ein stor milepæl no, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk Elbilforening til E24.

Av 400.000 elbilar er om lag 13.200 lette varebilar og 386.800 personbilar. Det er i dag totalt om lag 3 millionar registrerte bilar i Noreg.

Veksten av elbilar har gått raskt med god hjelp frå myndigheitene sine elbilfordelar.

– Vi er i rute til å nå 2025-målet, men vi må framleis ha hjelp frå politikarane om vi skal lukkast, seier Bu.

2025-målet er eit mål sett av myndigheitene om at 100 prosent av nybilsalet skal vere nullutsleppsbilar innan 2025.

Publisert: 07.07.2021 10:53

Sist oppdatert: 07.07.2021 10:54

Mer om