Kort fortalt

Vi mislegheld meir gjeld

44,6 milliardar misleghalde gjeld.

15.08.2018
NPK-NTB: Nordmenns samla misleghaldne hushaldsgjeld var ved utgangen av andre kvartal på 44,6 milliardar kroner.
Det er ein auke på nesten 5 milliardar kroner det siste året, viser tal inkassobyrået Lindorff har samla inn.
Samtidig hadde 257.223 personar betalingsmerknad ved utgangen av juni, noko som er 2.454 fleire enn på same tid i fjor.
Brote ned på den delen av befolkninga som leverer likning, svarar gjelda til eit gjennomsnitt på 9.734 kroner.
– Vi nærmar oss ei grense på 10.000 kroner i anmerkt gjeld per nordmann, og det kan berre vere eit spørsmål om tid før denne grensa er nådd, seier administrerande direktør Siv Hjellegjerde Martinsen i Lindorff.

Publisert: 15.08.2018 12:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38