Kort fortalt
Vi må bruke meir munnbind
Bruk munnbind i taxi, butikkar og kjøpesenter
30.11.2021
Regjeringa tilrår bruk av munnbind på kollektivtrafikk, taxi og kjøpesenter for å bremse spreiinga av koronaviruset.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) la fram dei nye tilrådingane i Stortinget tysdag formiddag. Dei vil gjelde frå onsdag.
– Det blir innført ei nasjonal tilråding om å bruke munnbind i kontakt med tilsette i helsevesenet. Vi tilrår at det blir brukt munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og i kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halde avstand, sa Støre.
Han sa at regjeringa vil føre vidare tilrådinga om å teste skuleelevar i område med aukande smittespreiing.
Publisert: 30.11.2021 11:06
Sist oppdatert: 30.11.2021 11:06