Kort fortalt

Vidarefører lokal forskrift

Ekstra smitteverntiltak til 13.september i Ålesund/Sula

06.09.2021

Dette er dei viktigaste reglane:

Det er påbod om bruk av munnbind der ein ikkje kan halde minst 1 meter avstand.

Auka krav ved besøk på serveringsstader

Tiltaksnivået i skole og barnehage vil vere på gult nivå fram til 13. september kl. 24.00.

Rådet om berre å samle 10 personar på besøk heime står framleis.

Dei siste vekene har smittetala i Ålesund vore høge med over 120 smittetilfelle på ei veke. Dette er dei høgaste smittetala under pandemien og det har utfordra smittesporingskapasiteten, skriv Ålesund kommuen i ei pressemelding.

Smitta i Ålesund kommune har dei siste vekene vore relatert til NTNU, sosiale samlingar, videregåande skolar, barnehagar og til industriarbeidsplassar. Det er framleis noko smitte frå innreisekarantene, etter reise innanlands og blant dei som ikkje er vaksinert.

Publisert: 06.09.2021 11:45

Sist oppdatert: 06.09.2021 11:49

Mer om
Annonsørinnhold