Kort fortalt

Vigra-bonde til topps

Sofie Høybakk er årets unge bonde.

NPK
29.11.2021

NPK: Sofie Høybakk (29) frå Vigra i Møre og Romdal er kåra til årets unge bonde 2021.

Det er Noregs bygdeungdomslag i samarbeid med Felleskjøpet Agri og McDonald's som kvart år deler ut prisen.

– Det vart heilt tomt i hovudet, og eg sakna sambuaren min der oppe i lag med meg, seier Høybakk til Nationen, om da ho forstod at prisen gjekk til henne.

For å bli kandidat til Årets unge bonde må ein vere matprodusent og under 35 år, og i tillegg kunne inspirerer fleire kloke hovud og driftige hender til å finne vegen til norsk landbruk.

Høybakk tok over familiegarden i 2018 og driv han saman med sambuaren Odd-Eirik Øyen. Dei driv mjølkeproduksjon, fôrar opp slakteoksar og driv og testar måtar å kunne produsere tørrhøy til mjølkekyr.

Paret har båsfjøs med 22 plassar og ein kvote på 140 tonn. No har dei 40 ungdyr som dei fôrar opp til slakt.

– Vi har mykje areal, mange planar og draumar, og så får vi etter kvart sjå kva som blir kva. Det er mange vegar å gå, seier vinnaren til avisa.

Publisert: 29.11.2021 11:22

Sist oppdatert: 29.11.2021 11:23