Kjetil Nesset Vik Ørsta foto Ogne
NY TITTEL, SAME JOBB: Vik Ørsta-sjef Kjetil Nesset blir snart sjef for Saferoad, etter eit namneskifte i januar.
Kort fortalt

Vik Ørsta skiftar namn

Blir Saferoad frå midten av januar 2026.

12.11.2025

Vik Ørsta er ein del av Saferoadkonsernet og namneskiftet blir gjort for å profilere selskapet likt med andre datterselskap i konsernet, ifølgje ei pressemelding.

Saferoad-konsernet starta med ei samanslåing av Euroskilt ved Lillehammer og Ørsta Gruppen (tidlegare Ørsta Stålindustri/Ørsta Stål) i 2007. Konsernet har sidan vekse til ein større leverandør av mellom anna vegsikringsskinner, fjell- og tunnellsikringsutstyr og lysmaster i den europeiske marknaden. Vik Verk vart slått saman med Ørsta Stål til Vik Ørsta, som er ei av dei største verksemdene i Saferoad-konsernet.

Etter at grunnleggarane og medinvestorar selde seg ut i 2008 har Saferoad-konsernet hatt ulike eigarar. I dag er eit fond organisert av FSN Capital eigar av konsernet.

Publisert: 12.11.2025 14:12

Sist oppdatert: 12.11.2025 14:12

Mer om