NPK: Ein vikingskip-kopi bygd i Bjørkedalen i Volda i 2001 er seld til temaparken Ornavik i Normandie i Frankrike og vert hovudattraksjon når parken sesongopnar 6. juni.
– Vi har hatt skipet liggjande her ute ved Gunnabuda på Longva i 20 år. Når vi først skulle selje det, syntest vi det var riktig at det hamna i vikingparken i Frankrike, seier Mette Krogsæter, til Sunnmørsposten.
Arnfinn Larsen, Gange Rolv-entusiast i 40 år, fortel at parken Ornavik, som har vikingtida som tema, ligg nær byen Caen i Normandie. Ved opninga søndag skal vikingskipskopien, bygd av Jakob Helset i Bjørkedalen, vere på plass.
– Skipet skal brukast i arbeidet med å promotere Sunnmøre, vikinghistoria – og ikkje minst Gange Rolv, som trass alt kom frå Vigra og blei hertug av Normandie og stamfar til det engelske kongehuset, seier Larsen.
Ifølgje nettstaden Wikipedia var Gange-Rolv ein norsk vikinghøvding og sagafigur som eigentleg heitte Hrólfr Rögnvaldsson (cirka 860-932). Gange-Rolv fekk tilnamnet fordi han var så stor av vekst at han alltid måtte gå til fots fordi hesten blei for liten. Ifølgje norsk og islandsk tradisjon er denne personen identisk med den historiske Rollo av Normandie, som i 911 blei utnemnt til hertug over Normandie.
Eit tysk transportfirma køyrer no vikingskipet på lastebil frå Sunnmøre til Normandie.
Publisert: 01.06.2021 11:45
Sist oppdatert: 01.06.2021 11:47