Statens vegvesen vil at ferjeselskap held igjen vogntog og bubilar og slepper dei minste køyretøya av først for å skape eit mest mogleg trygt trafikkbilete.
Så langt i år har 63 personar omkome i trafikken, dobbelt så mange som i same periode i fjor.
I eit forsøk på å skape færre trafikkfarlege situasjonar – og dermed bidra til å få ned talet på dødsulykker – ønskjer Statens vegvesen at vogntog og bubilar må vente med å køyre av ferjene til mindre køyretøy har køyrt av, skriv NRK.
– Det finst nokre episodar der dei største kjem av først og lagar ein liten propp. Det kan føre til farlege forbikøyringar, seier avdelingsdirektør Anders Sæternes i Vegvesenet.
Vegvesenet har ikkje statistikk på at det har vore ulykker knytt til dette i år, men har likevel tru på at det kan hjelpe.
– Vi prøver å lage eit rolegare trafikkbilete, seier han.
Publisert: 07.07.2022 13:06
Sist oppdatert: 07.07.2022 13:07