Kort fortalt

Vil avslå støtte til skipstunnelarbeid

Måløy Vekst ber om tilskott for å drive påverknad.

Marius Rosbach
22.02.2024

Fylkeskommunedirektøren foreslår at politikarane i fylkesutvalet i Møre og Romsdal, avslår ein søknad om støtte frå Måløy Vekst.

Dei har søkt om 200.000 kroner til påverknadsarbeid for Stad skipstunnel i 2024.

Grunngjevinga er mellom anna at det framleis er nødvendig å jobbe aktivt mot sentrale styresmakter – og at motkrefter i regjeringa og departement prøvar å stoppe samferdselsprosjektet, går det fram av saksutgreiinga.

Saka skal opp fylkesutvalet sitt møte komande måndag.

Publisert: 22.02.2024 09:14

Sist oppdatert: 22.02.2024 12:01

Mer om