Kort fortalt

Vil betale for å reise miljøvenleg

Kina toppar lista.

03.09.2019
NPK: På verdsbasis er 14 prosent villige til å betale meir for miljøvennlege reisealternativ.
I ei undersøking frå Ipsos kjem det fram at 14 prosent er villige til å betale meir for ei miljøvennleg reise, trass i at det kan vere dyrare eller mindre praktisk enn å flyge, skriv . Undersøkinga kjem i samband med World Economic Forum sitt toppmøte for berekraftig utvikling.
Tala viser at òg at 29 prosent er villige til å velje vekk flyreisa viss reisa er like billig og praktisk som ein flytur. 26 prosent svarar at dei ikkje vel transport basert på utslepp, medan 30 prosent svarar veit ikkje.
Kina er på toppen av lista. Der svarar 38 prosent at dei ville valt reise med lågare utslepp enn fly, trass i at det er dyrare og mindre praktisk. I Russland derimot er det heile 63 prosent som ikkje ville valt reise etter utslepp.

Publisert: 03.09.2019 13:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32