Vil bli kvitt sjukdom i RAS-anlegg
Prosjekt skal gi betre kunnskap.
(NPK): Niva med partnarar har starta eit prosjekt for å utvikle betre kunnskap og effektive tiltak mot sjukdomsframkallande bakteriar og virus i resirkulerande akvakulturanlegg (RAS).
− Vi veit for lite om korleis sjukdomsframkallande bakteriar og virus etablerer seg i RAS og kva som skal til for å bli kvitt dei, seier Ole-Kristian Hess-Erga, prosjektleiar og seniorforskar i Norsk institutt for vassforsking (Niva), i ei pressemelding.
Viss sjukdomsframkallande mikroorganismar blir etablerte i eit RAS-anlegg, må omfattande vask- og desinfeksjonstiltak bli sett i verk. Slike tiltak vil påverke drifta av anlegget og kan få store konsekvensar for produksjonen. Næringa har sett ein auke i smitteutbrot, og det hastar å finne ut kvifor dette skjer og kva som skal til for å hindre det.
Ny kunnskap på dette området vil òg ha overføringsverdi til transport av fisk og andre former for lukka eller semilukka oppdrett, på land og i sjø.
− Om alt går slik vi trur, vil prosjektet føre til betre fiskehelse og -velferd i RAS-anlegg, og vidare i matfiskfasen, avsluttar Hess-Erga.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Niva (prosjektansvarleg), Veterinærinstituttet, Universitetet i Bergen, Marineholmen RASLab, Akvaplan-niva, Patogen, Pure Salmon Kaldnes, Nofitech, VESO Aqua og næringsaktørane Osland Settefisk, Osan Settefisk, Erko Settefisk, Helgeland Smolt, Grieg Seafood ASA, Lerøy Aurora avd. Laksefjord, Salangfisk og Mowi ASA.
(©NPK)
Publisert: 24.01.2023 15:11
Sist oppdatert: 24.01.2023 15:18