Kort fortalt

Vil bygge fritidsbustader i Haram

Vurderer hyttefelt i strandsona.

14.10.2019
Oslo-selskapet Gondolin vil bygge kring 14 fritidsbustader ved Hellandhamn i Haram, melder .
Selskapet har erfaring med fleire hytteprosjekt til fjells, men meiner området nært sjøen i Haram er interessant.
– Vi har hatt eit møte med kommunen, og viss det lar seg gjere å bygge i strandsona, ser vi dette som eit pilotprosjekt med fritidsbustader med sjøen. Vi ser ein marknad som er spennande, det gjeld for den norske, men og den utanlandske, seier dagleg leiar Rune Wahl Nilsson til avisa.
Saka var 2. oktober oppe i utval for plansaker i kommunen, som ga grønt lyst for å gå vidare med detaljregulering av område.

Publisert: 14.10.2019 08:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32