Kort fortalt

Vil byggje ut Strynevassdraget

Høgre vil byggje ut ti verna vassdrag.

NPK
20.01.2022

Partiet Høgre har laga ei liste over ti verna vassdrag der dei går inn for ei «skånsam vasskraftutbygging». Åtte av dei ti vassdraga er i Vestland fylke.

Det var 5. januar i år at Høgre-politikaren Nikolai Astrup tok til orde for «skånsam kraftutbygging» i fleire verna vassdrag, og no er lista frå partiet over vassdrag dei vil byggje ut klar. Dei åtte første på lista ligg i Vestland fylke.

* Flåmselvi i Aurland i Sogn.

* Vossovassdraget i Voss.

* Granvinsvassdraget.

* Eikedalsvassdraget.

* Opo i Ullensvang i Hardanger.

* Løkjedalsvassdraget i Etne.

* Strynevassdraget i Nordfjord.

* Gjengedalsvassdraget.

* Verdalsvassdraget i Trøndelag.

* Vefsnvassdraget i Nordland.

Ifølgje NRK Vestland er ikkje Gjengedalsvassdraget teknisk sett verna, men det var avslag på utbyggingssøknad i 2018. I tillegg inneheld lista eit knippe vassdrag i Innlandet fylke som Høgre førebels ikkje vil gå ut med.

– Vi har sett på dei vassdraga der utbygging kan gi viktig flaumsikring og samstundes ta vare på naturverdiar og god lakseforvalting, seier energipolitisk talsperson for Høgre, Bård Ludvig Thorheim til NRK.

Han er budd på at lista er kontroversiell og vil bli møtt med motstand.

– Det er sunt med skepsis, men også Nidraosdomen har blitt modernisert utan at utsjånaden og verneverdiane har blitt forringa, seier han.

Ein MDG-politikar sa tidlegare i januar at det å byggje ut verna vassdrag er som å rive Nidarosdomen fordi politikarane i Trondheim plutseleg finn ut av ei treng eit nytt kjøpesenter.

Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) reagerer også sterkt på utspelet frå Høgre. Andre nestleiar i organisasjonen, Bjarte Erstad, kallar det for politisk arrogant.

– Vi har svært lite intakt vassdragsnatur igjen i Noreg. Denne typen natur er livsviktig for mange arter, ikkje minst villaksen, som alt er under sterkt press. Med dette forslaget set Høgre utan vidare tidlegare vernevedtak, pluss ordninga med nasjonale laksevassdrag for å sikre eit naudsynt vern av villaksen. Vi oppfattar det som arrogant og ikkje akseptabelt, seier Erstad.

Han ber Arbeidarpartiet rydde opp, sidan det var dei som sette i gang spetakkelet om å byggje ut verna vassdrag. Han viser at til at det har kome blanda signal frå leiinga i Arbeidarpartiet i saka, og han ber statsminister Jonas Gahr Støre om å utøve leiarskap og leggje denne ballen død ein gong for alle.

Publisert: 20.01.2022 18:53

Sist oppdatert: 20.01.2022 18:55

Mer om