Kort fortalt

Vil byte ut all soya i fiskefôr

Det meiner Framtiden i våre hender.

16.08.2018
NPK-NTB: Framtiden i våre hender (FIVH) har rekna ut at all soya som blir brukt av oppdrettsnæringa kan bytast ut med berekraftige kjelder som treflis og algar.
– Oppdrettsnæringa er den største forbrukaren av soya i Noreg. Norsk laks et enorme mengder brasiliansk soya. Det fører til øydeleggingar av savanne og regnskog, store landskonfliktar og helseskadar på arbeidarar og lokalbefolkning, på grunn av massiv bruk av sprøytemiddel, seier FIVH-leiar Anja Bakken Riise.
Under Arendalsveka legg organisasjonen fram ein rapport, der det blir hevda at all soya kan erstattast med fôr frå berekraftige kjelder, som treflis, algar og slakteavfall.
– Med rett prosessering inneheld alle desse fôrråvarene like mykje protein som soyaproteinkonsentrat, seier Riise.
Ho foreslår at skatte- og avgiftssystemet kan brukast til å gjere det lønsamt å la laksen ete noko anna enn soya.
– Dette er ei kjempemoglegheit for Noreg. Soya-fri laks er langt frå science fiction. No må fiskeriminister Harald Nesvik (Frp) komme på bana å støtte opp om framtidsretta grøn industri, oppfordrar Riise.

Publisert: 16.08.2018 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37