Toril hovdenak foto mrfylke 11
VIL KUTTE TILBOD: Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenakk i Møre og Romsdal foreslår at fleire tilbod på vidaregåande skular blir fjerna neste år. Arkivfoto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Kort fortalt

Vil droppe 37 tilbod ved 13 skular

Ikkje nok søkjarar til å starte opp, meiner fylkeskommunedirektøren. Sjå lista.

Marius Rosbach
12.03.2025

Det er for få søkarar til fleire av dei vidaregåande skolane i fylket, til at alle tilbod blir vidareført.

Til saman 37 tilbod, studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram ved 13 skolar, blir foreslått fjerna det kommande skoleåret. Det kjem fram i eit forslag frå fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal. 

Politikarane i kompetanse- og næringsutvalet skal behandle saka tysdag 18. mars.

– Det er sjølvsagt beklageleg for desse elevane. Men vi vel samtidig å auke tilbodet der det er fleire søkarar enn tilbod i dag, uttaler kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken i melding.

Fylkeskommunedirektøren anbefaler også at fleire tilbod blir starta opp hausten 2025, sjølv om dei ikkje fyller kriteria.

I år var det 3.942 ungdommar som søkte vidaregåande opplæring trinn 1 for skoleåret 2025/2026. Det er 136 fleire enn førre skoleår. 

Tilbod som blir foreslått kutta skoleåret 2025/2026

Fylkeskommunedirektøren si innstilling: 

1 Borgund vgs. Vidaregåande trinn 1 Helse- og oppvekstfag, velferdsteknologi blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2025/2026 

2 Borgund vgs. Vidaregåande trinn 1 Restaurant- og matfag, toppkokk blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2025/2026 

3 Borgund vgs. Vidaregåande trinn 2 Betong og mur blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2025/2026 

4 Borgund vgs. Vidaregåande trinn 2 Helsearbeidarfag, velferdsteknologi blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2025/2026 

5 Borgund vgs. Vidaregåande trinn 3 Dataelektronikarfaget blir ikkje starta ved Borgund vgs. skoleåret 2025/2026 

6 Hustadvika vgs. Vidaregåande trinn 1 Studiespesialisering blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2025/2026.

7 Hustadvika vgs. Vidaregåande trinn 1 Teknologi- og industrifag, yrkes- og studiekompetanse (YSK) blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2025/2026. 

8 Hustadvika vgs. Vidaregåande trinn 2 Realfag blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2025/2026. 

9 Hustadvika vgs. Vidaregåande trinn 2 Språk, samfunnsfag og økonomi blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2025/2026. 

10 Gjermundnes vgs. Vidaregåande trinn 2 Industriteknologi blir ikkje starta ved Gjermundnes vgs. skoleåret 2025/2026 

11 Gjermundnes vgs. Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse blir ikkje starta ved Gjermundnes vgs. skoleåret 2025/2026 

12 Gjermundnes vgs. Vidaregåande trinn 3 Studieførebuande naturbruk blir ikkje starta ved Gjermundnes vgs. skoleåret 2025/2026 

13 Haram vgs. Vidaregåande trinn 1 Studiespesialisering blir ikkje starta ved Haram vgs. skoleåret 2025/2026 

14 Haram vgs. Vidaregåande trinn 1 Studiespesialisering, internasjonalisering blir ikkje starta ved Haram vgs. skoleåret 2025/2026 

15 Haram vgs. Vidaregåande trinn 2 Helsearbeidarfag blir ikkje starta ved Haram vgs. skoleåret 2025/2026 

16 Haram vgs. Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse blir ikkje starta ved Haram vgs. skoleåret 2025/2026 

17 Haram vgs. Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse blir ikkje starta ved Haram vgs. skoleåret 2025/2026 

18 Herøy vgs. Vidaregåande trinn 1 Restaurant- og matfag blir ikkje starta ved Herøy vgs. skoleåret 2025/2026 

19 Herøy vgs. Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse blir ikkje starta ved Herøy vgs. skoleåret 2025/2026 

20 Herøy vgs. Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse blir ikkje starta ved Herøy vgs. skoleåret 2025/2026 

21 Rauma vgs. Vidaregåande trinn 1 Studiespesialisering blir ikkje starta ved Rauma vgs. skoleåret 2025/2026 

22 Rauma vgs. Vidaregåande trinn 2 Automatisering blir ikkje starta ved Rauma vgs. skoleåret 2025/2026 

23 Romsdal vgs. Vidaregåande trinn 2 Blomsterdekoratør blir ikkje starta ved Romsdal vgs. skoleåret 2025/2026 

24 Stranda vgs. Vidaregåande trinn 1 Idrettsfag blir ikkje starta ved Stranda vgs. skoleåret 2025/2026 

25 Stranda vgs. Vidaregåande trinn 1 Studiespesialisering blir ikkje starta ved Stranda vgs. skoleåret 2025/2026 

26 Sunndal vgs. Vidaregåande trinn 2 Tømrar blir ikkje starta ved Sunndal vgs. skoleåret 2025/2026 

27 Sunndal vgs. Vidaregåande trinn 2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget blir ikkje starta ved Sunndal vgs. skoleåret 2025/2026 

28 Sunndal vgs. Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse blir ikkje starta ved Sunndal vgs. skoleåret 2025/2026 

29 Sykkylven vgs. Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse blir ikkje starta ved Sykkylven vgs. skoleåret 2025/2026 

30 Sykkylven vgs. Vidaregåande trinn 3 Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse blir ikkje starta ved Sykkylven vgs. skoleåret 2025/2026 

31 Tingvoll vgs. Vidaregåande trinn 1 Bygg- og anleggsteknikk blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2025/2026

32 Tingvoll vgs. Vidaregåande trinn 1 Idrettsfag blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2025/2026 

33 Tingvoll vgs. Vidaregåande trinn 1 Studiespesialisering blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2025/2026 

34 Tingvoll vgs. Vidaregåande trinn 1 Naturbruk blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2025/2026 

35 Tingvoll vgs. Vidaregåande trinn 2 Helsearbeidarfag blir ikkje starta ved Tingvoll vgs. skoleåret 2025/2026 

36 Ørsta vgs. Vidaregåande trinn 2 Treteknikk blir ikkje starta ved Ørsta vgs. skoleåret 2025/2026 

37 Ålesund vgs. Vidaregåande trinn 1 Studiespesialisering, toppidrett blir ikkje starta ved Ålesund vgs. skoleåret 2025/2026

Publisert: 12.03.2025 13:11

Sist oppdatert: 12.03.2025 13:28

Mer om