Kort fortalt

Vil endre kosten til oppdrettslaksen

Vil ha meir berekraftig kosthald.

NPK
26.11.2021

Forskarar frå fleire land jobbar med å utvikle eit meir berekraftig kosthald for til laksen. Fiskeriministeren kallar planane veldig spennande.

Professor Mette Sørensen ved Nord Universitet står i spissen for prosjektet, der forskarar og bedrifter frå fem land skal prøve å revolusjonere maten til oppdrettslaksen. Undersøkinga er ein del av eit nordisk-baltisk forskingsprosjekt finansiert av NordForsk.

Dei siste åra har oppdrettslaksen nesten blitt vegetarianar. Rundt 70 prosent av fôret kjem frå vegetabilske ingrediensar, medan resten kjem frå råvarer som fiskemjøl og fiskeolje. Det betyr at store delar av fôret blir dyrka på matfjord som kunne ha blitt brukt til menneskeføde, ifølgje NRK Nordland.

Store delar av råstoffa i foret blir importert frå Brasil.

– Det set eit stor karbon-fotavtrykk for norsk laks. No er det fokus på å produsere lokale råvarer og bruke dei i fôret for at det skal bli meir berekraftig, seier Mette Sørensen til NRK.

Målet til forskarane er at mat som svarte soldatfluge-larvar, mjølormar og mikroalgeolje skal erstatte fiskemjøl, fiskeolje og andre råvarer som blir brukte i dag. Ho meiner dei nye er naturlege ingrediensar i dietten til laksen.

– Det er alt ein del dokumentasjon på at det ikkje har negative effektar på smaken. Laksen kjem til å smake like godt, han vil vere like sunn og bli meir berekraftig, forsikrar Mette Sørensen.

<p>(©NPK)</p>

bent.tandstad@npk.noBilete: bj2Q8-SVZEANo skal oppdrettsfisken endre kosthaldet. Foto: Terje Bendiksby / NTB/ NPK

No skal oppdrettsfisken endre kosthaldet. Foto: Terje Bendiksby / NTB/ NPK


Publisert: 26.11.2021 14:01

Sist oppdatert: 26.11.2021 14:02

Mer om