Kort fortalt

Vil erobre Kina med fiskebollar

Vesteraalens med store ambisjonar.

17.10.2018
NPK: Norsk fiskebolleprodusent er inspirert av Ikea og vil gjera ein norsk tradisjonsrett global.
– Innan tre år skal me selja tre millionar fiskebolleboksar i Kina. Og det er eit edrueleg estimat. Dei største optimistane trur på endå høgare tal, seier sals og marknadssjef Eirik Nikolaisen i Vesteraalens AS til .
Den norske fiskebolleprodusenten etablerte seg i Kina for seks år sidan. Vesteraalens har stor tru på at bollane i kraft skal bli luksusmat i landet, rett nok utan kvit saus og poteter.
– Fiskebollar er klassisk street food i Kina. Du finn utsalsstader overalt som serverer varme fiskebollar i ulike variantar, forklarer Nikolaisen.
Han lar seg inspirera av Ikea og dei verdskjende kjøttbollane deira. Den svenske nasjonalretten er tilgjengeleg i store delar av verda fordi dei blir servert på alle Ikea-varehus.
– Det er eit godt eksempel på ein nasjonalrett som klarer å etablera seg internasjonalt, seier Nikolaisen. Bollane skal produserast i Noreg og målet er å selja opp mot 300.000 boksar det første året.

Publisert: 17.10.2018 18:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37