Vil fange 1 million tonn CO2 frå lufta årleg
Oppstartsselskap i Sintef-samarbeid.
(NPK): Industriselskapet Removr har i samarbeid med Sintef mål om å bli verdsleiande innanfor direkte CO2-fangst frå luft.
Om Noreg lukkast med å skape ein stor industri basert på slik fangst, som også blir kalla «klimapositiv teknologi», kan vi ta ei leiarrolle internasjonalt, melder forskingsmagasinet Gemini.
– Verdikjeda vil kunne skape mange arbeidsplassar, i tillegg til å gi store ringverknader ute i distrikta der anlegga blir etablerte. Vi treng å få på plass rammevilkår slik at vi utviklingar dette på ein måte som møter berekraftsmåla til FN, seier dagleg leiar i Removr, Einar Tyssen.
I samarbeid med Sintef som forskingspartnar og teknologipartnar GreenCap Solutions er Removr i gang med å få på plass eit storskala CO2-fangstanlegg frå lufta.
Løysinga det blir jobba med blir kalla Direct Air Capture (DAC)-teknologi. Ifølgje samarbeidspartnarane har Noreg sjansen til å bli verdsleiande innanfor DAC gjennom å bruke fornybare energikjelder i kombinasjon med kostnadseffektiv fangstteknologi.
Removr er alt i gang med å utvikle ein pilot for DAC-teknologi på Island.
I dag er Island leiande på CO2-fangst frå luft. Landet brukar sine naturleg gode føresetnader knytt til rein energi og lagring i basaltformasjonar i undergrunnen.
(©NPK)
Publisert: 18.08.2022 16:05
Sist oppdatert: 18.08.2022 16:07